Bergsøy held fram sigersrekka mot Emblem

Bergsøy sine beste menn slo Emblem fredag kveld med 2-0 etter scoringar frå Franjo Tepuric og Pijus Marcinkevicius!

Fyrste omgang var god av det unge Bergsøy-laget. Bergsøy fekk straffe tidlig der Thomas Skar blei felt.

Straffa som Franjo Tepuric skulle sette i mål blei då redda av heimelagets keeper.

Men Bergsøy fekk ei ny straffe seinare då Benjamin Leine blei felt. Her var Tepuric sikker og ga Bergsøy leiinga.

Bergsøy hadde masse sjansar og burde scora meir. Og det hadde ikkje vore noko å sagt på om det stod 0-4 til pause!

I andre omgang fastsette Marcinkevicius stillinga til 2-0 med eit flott skot. Trenar Skorpen var etterpå rosande i si omtale!

– Det var årsbeste før pause. Vi spela ball i hatt med Emblem og skapte 6-7 enorme sjansar.

– I 2.omg legg Emblem seg veldig lavt. Vi held fram med å skape store sjansar, men kampen var meir oppstykka.

– Ein enorm bortekamp med tanke på alle fråfalla før denne kampen, seier ein glad trenar!

To glade målscorarar på ferga på vei heim!