Bergsøy G14 klare for kvartfinale!

Etter ein sterk kamp og sin andre kamp for dagen klarte Bergsøy G14 å ta seg til kvartfinale i A-sluttspelet på Norway Cup!

Ready var eit godt lag men Bergsøy sin gode organisasjon og iherdige kjemping gjorde at laget etterkvart blei meir farlige framover.

Det var jamnt og mållaust til ut i andre omgang då Gustav Sande steig til vers og satte inn 1-0.

Ikkje lenge før slutt avgjorde Martin Håheim Elveseter kampen til fordel for Bergsøy med eit flott skot.

Ready fekk seg ei redusering på straffe like før slutt, men det var ikkje nok og Bergsøy er klare for kvartfinale.

Det er mot FC Trops som slo Hødd i sin kamp med 2-0. Dei er eit robust og godt lag som vert ei tøff utfordring for Bergsøy!

Sjå video frå kampen her!