Bergsøy damene med seksmålsdrama mot MSIL

Ida Vestnes i full fart med ballen mot MSIL. Ingrid Beate Smådal Hide følger med.

Bergsøy sitt damelag i 4.divisjon tok imot MSIL i sin siste heimekamp for året i 9-er kamp på Havila Stadion Fosnavåg.

Det byrja bra for heimelaget då Maja Vattøy møtte ein corner på bakerste stolpe og heada inn leiinga etter kvarteret.

Bergsøy var det klart beste laget og fekk enda meir nettsus omlag ti minutt seinare då Ingrid Beate Smådal Hide lada foten sin.

Skotet frå Hide gjekk rett i mål berre nokre få meter inn på bortelagets halvdel!

Hide fekk fullklaff på eit langskot og scora eit fint mål i kampen.

Bergsøy held fram med å ha full kontroll og etter 38 minutt blei det 3-0.

Synne Tjervåg snappa opp ei feilpasning i MSIL-forsvaret og sette ballen i mål. Dermed trudde kanskje dei fleste at jobben var gjort.

Synne Tjervåg sette inn Bergsøy sitt siste mål på Havila Stadion Fosnavåg i 2019.

Men like før pause fekk bortelaget ei redusering ved Matilde Vegsundvåg Nedregotten. Dermed 3-1 til pause.

I andre fekk MSIL litt meir overtak og kom seg meir inn i kampen. Forsvaret til Bergsøy byrja å stresse og gjere feil valg.

Det resulterte i at bortelaget reduserte endå ein gong. No var det Eline Vadset som fekk nettkjenning. Framleis var det halvtimen igjen.

Med 15 minutt igjen missa Bergsøy taket på kampen og to minutt før slutt utlikna MSIL ved Andrea Sunde etter ein forsvarsfeil.

Alt i alt var Bergsøy best i 70 min av kampen! Men nokre feil gjer at laget kun tek med seg eit poeng frå kampen.

Siste kamp i serien for Bergsøy er mot Hødd 2på Høddvoll 17.oktober!

Bergsøys Malin Sivertstøl i kamp om ballen i det som blei ein skikkeleg seksmålsthriller! Amalie Hestad følger med i bakgrunnen.