Avgjerande bommar tapte kampen for Bergsøy

Bergsøy handball tapte borte mot Vikhammer søndag føremiddag med 32-29. Stillinga til pause var 17-11.

Etter å ha henta opp Vikhammer si seksmålsleiing i andre omgang uten ein skada Håkon Tømmerdal Forberg, så snubla Bergsøy på slutten.

– Eg klarte ikkje å fullføre kampen, men er ikkje noko alvorlig. Blir klar til dei neste kampane vil eg tru, seier Forberg som gikk av med overtråkk.

Stillimga var 27-27 i det lystavla viste 21:31. Men bom i avgjerande situasjonar og kun to mål til for Bergsøy gjorde at Vikhammer vann.

– Vi hadde veldig god vilje i laget, men Håkon blei skada og vi hadde for lite med spelarar.

– Det var kun ein spelar på benken og då blei det vanskeleg mot eit sterkt lag som Vikhammer.

– Eg er faktisk meir nøgde med kampen i dag enn i går. Gutta gjorde ein god jobb i dag, seier kaptein Evaldas Grieze til Sportsheim.

– Vi kjem seint i gong og ligg bak med fem-seks mål og då må vi jage. Etter pause spelar vi bra og har sjansen til poeng, men bommar i avgjerande situasjonar.

– På slutten av kampen er vi naturligvis slitne også, seier keeper Oddvar Johan Roseth.

Evaldas Grieze blei Bergsøy sin toppscorar med åtte scoringar. Deividas Jovaisas sette sju og Erik Helgesen klarte fire scoringar.

Neste kamp for Bergsøy er søndag 20.oktober heime mot Strindheim kl.15.00!