Årets fyrste tap er eit faktum for Bergsøy sine håndballherrer då Storhamar vann ein dramatisk kamp med 30-29.
Det avgjerande målet kom 24 sekund før slutt etter at Bergsøy hadde ligget hakk i hæl på heimelaget etter pause.
I 1.omg leia Storhamar på det meste 12-7 men ei sterk avslutning av Bergsøy sytte for 14-13 til pause.
Etter pause fylgte laga kvarandre som haukar og Bergsøy hadde leiinga ein gong på 16-17 etter 7.31 av 2.omgang.
Men heimelaget fekk då si avgjerande scoring like før slutt. Reaksjonar og fokus mot neste helg kjem iløpet av veka.
For Bergsøy blei Deivis Jovaišas toppscorar med åtte mål.
Bergsøy møter Charlottenlund 2 i Herøyhallen søndag 29.9 kl.15.00.