Tett i toppen!

Før kamp
Alle mann snart klare for kamp! Foto: Ingrid Beate Smådal Hide

Førre fredag var Bergsøy på plass borte mot Godøy å henta med seg tre poeng heim etter ein frisk kamp værmessig og 3-0 i sekken. Det eg nemnte til trenarteamet i bilen før kampen var at det hadde vore kjekt om Rollon gjorde oss ei teneste og at vi sjølv tok oss av Godøy. Det var ikkje særs mykje forhåpninga om akkurat det, men for ein gongs skuld skulle mine bønner verte høyrt!

DSC_0022
Sånn passe happy med å få stå under tak i speakerbua til Godøy.

Det var sånn ca ingenting av betydning som skjedde før pause. Bergsøy sin twitterkonto la ut denne tweeten ved pause som skildra speleforholda rimeleg greit.

Utover i andre omgang scora derimot Bergsøy tre mål.

1-0: Dani Rønnestad Hansen forserte ned høgresida og serverte Franjo Tepuric framfor mål. Kroaten gjorde ingen feil og brølte av lettelse etterpå så det kunne høyrast heilt heim til Fosnavåg.

2-0: Seinare i omgangen tråkla Daniel Jøsok Kvalsvik seg framover og beina ballen i mål via krysstanga. Det kan du sjå i videoen under.

3-0: Godøy kasta folk framover og blottla seg bakover. Det utnytta innbyttar Thomas Sætre Hauge etter flott pasning frå Jøsse. God avslutning under keeper.

Viktig å få vertfall tre scoringar, slik at det er litt håp om å ta igjen Aafk 2 i dei tre siste og avgjerande kampane. For ja, mine bønner blei høyrt. Vinden spelte ei heilt grei rolle då rapportane kom inn om at ein corner var blåst i mål på Rollon si heimebane! Nokre klipp frå turen til Godøy kan du sjå her.

Kampprogrammet som gjenstår er:

Ålesund 2 – Godøy , Bergsøy – Hareid

Sykkylven – Bergsøy , Hareid – Ålesund 2

Ålesund 2 – Sykkylven , Bergsøy – Valder

Tabellen ser slik ut for dei to øverste laga:

Tabell

Denne lysbildefremvisningen krever JavaScript.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

Blogg på WordPress.com.

opp ↑

%d bloggere like this: