Bergsøy henger med i toppen!

Eg var tilstades (nesten som alltid) då Bergsøy slo Emblem 2-1 borte i ein vanskeleg kamp. Utover i andre omgang blei det også så vått at jakka mi blei gjennomvåt, men det er ein liten pris å betale for å ta med tre deilige poeng heim på ferga. Vi rakk ikkje å ta lagbilete på ferga, det var det nok ingen som tenkte på. Uansett, her kjem mitt personlege referat frå denne kampen. Som kanskje er litt annaleis å lese enn det som kjem mest objektivt fram frå diverse avisar.

Meg
Dette var rett før avspark der eg fekk ly for regnet som herja på Sunnmøre i desse dagar. Derfor så tok eg kun bileter før pause frå kampen. Rutinert nok. Synes sveisen på dette biletet satt rimeleg greit. Men over til kampen.

Det var ein passe gira gjeng som gikk på bana før kampen mot Emblem etter å ha blitt passe bra peptalka av Toni Klopp før avspark. Personleg synes eg gutta tok godt tak i kampen og var det beste laget. Fyrste målet kom etter ei god gjenvinning av min nesten etternavnbror Marius Sporstøl som serverte til Franjo som etter ei skotfinte finta keeperen og scora med venstrefoten. Det ser du i biletet over. Så utlikna heimelaget litt ut av ingenting. Elles synes eg Dani Rønnestad Hansen gjorde sine saker bra saman med Espen Driveklepp i fraværet av unge og lovande Frank Sverre Kopperstad Skorpen. Men vi rista godt av oss utlikninga deira og tok leiinga igjen då Benjamin Leine forserte framover på høgresida og slo eit godt innlegg som Pijus styrte i mål på direkten. Endeleg har vår unge juvel byrja å score mål!

DSC_0042
Pijus scorar etter at Leine har slått innlegg. Marius lot klokeleg ballen gå vidare.

Eg har vel forstått det slik at Benjamin skal i militæret? Då var det bra at han bidro med målgivande før avreise. God tur og lykke til! Sjølv var eg aldri i militæret… Men det er ei anna sak.

Ikkje lenge etterpå var eg sikker på at Unitedsupporter Halsen kom til å dømme straffe til Bergsøy, men det gjorde han sjokkerande (eller ikkje) nok ikkje. Grunnen kan du sjå i videoen under.

Etter pause kom regnet for alvor og eg søkte ly vedsiden av benken vår. Gutta kjempa flott og tok med seg tre deilige poeng. Kestutis var god på topp etter at han kom inn for Sporstøl og Craig var god på venstrebacken. Det var deilig å ha Jøsse tilbake i midten og Sveinung Tilseth også har god kontroll på kula og har vore ein god tilkomst så langt!

Publikumsreaksjonar og straffesituasjonen kan du sjå under bileteserien frå kampen!

Denne lysbildefremvisningen krever JavaScript.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

Blogg på WordPress.com.

opp ↑

%d bloggere like this: