Tapet som gir håp

Så gjekk det skeis igjen. Men merkeleg nok sit eg igjen med godt humør og ein god feeling etter tapet. For laget prøvde virkeleg og var uheldige som ikkje fekk både 1 og 2-0 før pause, sjølv om kløna Jones var heldig som ikkje fekk straffe mot seg. 3-1 kunne vore eit greit pauseresultat. Etter pause gjekk alt galt som kunne gå gale. Men for å starte med Mourinhos oppførsel etter kampen så har han nok aldri fått applaus etter tap. Fleire forstårsegpåarar seie han gjorde det kun pga kamera som står der, men han kunne også valgt å gå rett i garderoba. Eg trur noko skjedde hos Josè, for han forstod at den harde kjerne som står på Stretford End støttar laget uansett. Men det var også muligens for å få fansen på si side. I pressekonferansen er han lei tullingane i media og ga dei ein verbal finger. Eg er flau på vegne av journalister som skal svartmale Mourinho heile tida. Han jobbar steinhardt. Det seie sikre kilder i klubben. Men endar United opp 8-10 poeng bak 4.plassen denne sesongen då spørs det korleis det går i Europa som i 16/17-sesongen.

Det er 16 år sidan Rio Ferdinand blei kjøpt for ein rekordsum. Etter ein ustø start var han verdsklasse i 12 år. United er ikkje i nærheita av å ha erstatta han. Er det noko i Rio-klassen i Premier League på 23 år United kunne kjøpt? Svaret er vel nei. Og på midstopparplass var det snakk om Harry Maguire og Alderweireld. Mi løysing på dette hadde vært å selge unna Smalling, Jones, Rojo og Darmian i tillegg til solgte Blind for å gjere plass til dei to. Dette hadde vore ryddesjau som alle trudde skulle skje, men istedet har ikkje Josè fått støtta av Woodward. Så går det ein kamp, Jones blir skada og man sit igjen med Smalling, Bailly og Lindeløf. Josè nemner heller ikkje Rojo av midstopparar han har tilgjengeleg. Ikkje positivt for Rojo.

Smalling og Jones har diverre ikkje utvikla seg i den retninga som Fergie trudde og håpa på. Smalling er Burnley-materiale og Jones kunne blitt solgt til Everton. Men lønna er vel eit problem for mindre klubbar. Er United redde for å selge dei? Fordi dei er engelske og er godt likt i gruppa? Vel det er ein fotballklubb som må henge med resten. Då kan man ikkje drive selskapsklubb sjølv om eg veit at moral og stemning innad er viktig. Men når man ikkje held nivået? Måten Smalling blei avkledd mot Moura bekrefta at han er laaaangt fra god nok i ein mot ein. Akkurat det som Stam, Johnsen, Rio og Vidic var. Har man trygge midstopparar så frigjer det folk framover. Eg hadde vore pissredd for å sleppe angriparar aleine mot slike stopparar. Som midtbanespelar hadde eg då vore i overkant opptatt av defensiv tryggleik. Er det rart at United ikkje spelar offensiv og god fotball? Spelarane er knytt. Dei føler seg ikkje trygge. Bak Maguire og Alderweireld kunne Lindeløf og Bailly vore gode backups. Nei det er ikkje Football Manager eller Fifa, men det var tiltaka som burde vore gjort på OT i sommar.

Liverpool klarte å ordne opp i sine problem før VM. Det skulle United også gjort. Fekk Pep kjøpenekt etter sine dyre kjøp i Bravo og Nolito? Han har fått kjøpe til han fant det som funka, samtidig som han har gjort gode ting med De Bruyne og Sterling. Men Pep visste nok lenge før 2016 at han blei City-manager. Eg trur desse spelarane blei kjøpt med ein langsiktig plan for Pep. Liverpool fann også ein betre keeper enn det man fann i Karius samstundes kjøpte man Virgil for dagens marknadspris for verdsklassestopparar. Her fant Josè ut at han ville ha betre midstopparar enn det han kjøpte i Bailly og Lindeløf. Men ingen backing. Og ja, Lingard har utvikla seg mykje sidan Josè ankom OT. Men det vert sjelden nevnt.

Ja, eg er klar over at Smalling har hatt gode kampar mot gode lag, men fyren sprer usikkerheit. Eg vil gjerne høyre argumenta som slaktar mine meiningar og gjerne vil ha Smalling på laget. Smalling hadde ei kjempetakling på ein nølande Dele Alli eller var det Jones? Det var godt gjort. Men eg synast han ikkje er god nok.

Jose mot Spurs benk
Skal tru kva Josè rabla ned på blokka si her. Foto: RedArmyBet Norge

Tottenham har i praksis hatt eit sommarkjøp sidan januar. Lucas Moura fekk ikkje ofte sjansen i siste halvdel av sesongen på eit allereie stabilt og innkjørt lag. Men brassen nytta den tida og ein god pre-season til å gjere seg kjend med laget og blomstre. No kulminerte det med to mål på Old Trafford mot eit skakkjørt forsvar. Tottenham har ikkje kjøpt noko i sommar, men laget osar av kvalitet. Godt samkjørte der Moura vil berre bli betre. Storleika på troppa kan diskuteres og det vert utfordringa.

Eg snakka i januar med David May om rykta om å hente Moura. Ein høgrevendt kvalitetsspelar som faktisk kunne vore høgrealternativet som Josè hadde hatt nytte av. Så kunne Martial fått sjansen vidare ute til venstre. Eg såg heimekampen mot Stoke på nært hald i januar og då var Martial outstanding i samarbeid med Pogba og Lukaku. Men svindyre Sanchez kom istaden… Etter det har den franske tobarnsfaren verken scora eller spelt bra. Sanchez innehar masse kvalitet og må snart vise det. Men ein av hans kaliber burde fint spele på høgre. For balanse framover er også eit av Uniteds store problem. Derfor ville Josè etter rykta ha Willian. Som nok hadde tatt turen til Old Trafford hadde den hårfagre Conte blitt på brua…

Vinduet er stengt. Josè har sin største oppgåve ever. Tar han den eller går han? Eg trur han tar oppgåva. Skulle sponsormogulen Woodward sparke han så kan ikkje til dømes Zidane berre kome inn og gjere Smalling om til Varane!

Enda på visa er at hadde United fått inn ein høgrekant og minst ein skikkeleg kvalitetsstoppar med leiaregenskapar så hadde mykje av forarbeidet vore gjort. No må United berre bygge vidare på den 1.omgongen mot Spurs og få forsvart seg med nebb og klør fram til januar, så kan det bli bra likevel. Men i januar må ein midstopparsjef inn fire månader for seint. Det som er positivt er kampen som Luke Shaw hadde. Eg trur han har gjort plassen til sin. Fint gjort av Josè etter kampen. Men onde tunger seie sikkert at han gjorde det kun for syns skuld. Kan ikkje gjere noko rett. Men Klopp kan klemme både dommarar, ballgutter, motstandere og sine egne etter kamp og det er heilt greit.

Men det fundamentale problemet i klubben er verken Mourinho eller talentlause midtstopparar. Det er Glazers. Og deretter Woodward. Så kanskje er denne fotballdirektøren som skal vere leddet mellom manageren og resten av styret akkurat det som trengs.

Sesongen er lang. Liverpool, Tottenham, Chelsea og Watford har tatt full pott. City halser like bak og United må få satt eit forsvar og få opp dampen. Matic, Fred og Pogba blir midtbane. Lingard, Lukaku og Alexis blir vel mest nytta i angrep. Så alt er ikkje krise.

Men dette var ein opptreden som gir håp. For uten håp er det heller ikkje liv. Så kom den rosa drakta også å gjer det fantastiske draktsettet komplett. Ja det var ironisk. Snakkes!

2 kommentarer om “Tapet som gir håp

Legg til din

  1. Meget bra blogg, med fornuftige analyser. Spørsmålet som er relevant nå er om United går inn i samme dvalen som de var i fra 60 til 90 tallet, og som Liverpool har vært i siden slutten av 80. Er der et rødt sceneskifte på gang?? Eller må man over heiene å se Bielsas menn for å se god fotball 😂

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

Blogg på WordPress.com.

opp ↑

%d bloggere like this: