Bileter frå sterk siger i Volda

Bergsøy Fotball tok sin fyrste siger for hausten då Volda blei slått på bortebane førre fredag kveld med 3-1. Under kan du sjå nokre av mine bileter frå kampen. Volda leia 1-0 til pause etter scoring av Vegard Hellebust som sette den kaldt i opent mål etter å ha runda keeper Petter Aasen. Kva som skjedde i forkant av målet er litt meir vrient å forklare sidan underteikna stod på motsatt side. Men eg trur det var ein liten feil i forkant frå bortelaget som heimelaget utnytta. Dermed blei det ein jobb i 2.omg som måtte gjerast. Under bileteserien i flislagt mosaikk kan du lese om 2.omg.

Berre knappe 48 minutt var spelt då Joachim Magnussen snudde på ein femøring som i gode gamle dager og sette ballen kontant i motsatt hjørne. Då var eg sikker på at vi kom til å vinne. Skikkeleg klassemål frå Joa der. Så krangla Martin Søvik Røren seg gjennom forsvaret til dei grønkledde før han mosa ballen i mål bak keeper Hugi Johannesson. Då opplyste stadionklokka at det var spelt ca 66.min. Volda hadde nokon småsjansar, men der rydda  bursdagsbornet Petter Aasen opp i god stil. Så fekk Martin straffe nokre minutt før slutt der Franjo trygt ekspederte ballen i mål og fastsatte resultatet til 3-1.

Aafk 2 er framleis fire poeng framfor oss etter deira siger med samme sifre heime mot Valder. Next up er Ørsta heime på fredag og før det ei ny episode av ‘Heia Bergsøy-podcasten’! Den kan du få med deg ved å følge Heia Bergsøy sin twitterkonto!

Vi høyrast!

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

Blogg på WordPress.com.

opp ↑

%d bloggere like this: