Tanker om PL, Shaw, tribune & nostalgi

Vi skal til på 2.runde i vår kjære engelske liga. Cardiff mot Newcastle til tidlig avspark. Begge lag tapte premiera sist helg så det er ekstra press på laga for å ta poeng. Eg trur Newcastle vinn, men kun pga den spanske kelners taktiske disposisjonar. Spurs mot Fulham er kjempeinteressant all den tid Fulham har brukt litt meir peng enn deira naboa som framleis må sparke ball på Wembley til langt ut på hausten. Tett kamp, Fulham har gode minner frå Wembley i mai. Kane kan ikkje score i august, så ikkje sjå vekk frå ein U her!

Av TV-kampar rundast kvelden av med Chelsea-Arsenal. Sarri’s boys imponerte ikkje mot Huddersfield, men tok tre poeng. For Arsenal var det ikkje stor suksess med Cech som sweeper, så her er det usikkerheitsmoment så det held. Eg satsar på 3-3!

Når det gjeld mitt lag som til og med har verre drakter enn dei med pølser på draktene, så var sesongstarten ok. Pogba scora sikkert, på det treigaste oppløpet eg har sett. Luke Shaw altså! Unna den karen alt! Han jobbar hardt, så spørs det om Josè vil gi han sjansen når den gamle vingen Young er klar. Ikkje vrak Shaw no, då er det ikkje vits i å ha han. Når det gjeld Pogba-greiene med Mourinho så er det ikkje måte på kva avisene får seg til å skrive. Eg lurer på kva onde kilder dei har i rekkene…

Brighton borte blei tøft i fjor med eit tamt tap, så no er det eit meir tent United vil eg håpe… Men Brighton vil nok jobbe for å få ein reaksjon etter sitt tap i seriepremiera. Manager Chris Hughton har også ein god statistikk heime mot Manchester United. På to kampar med Norwich og Brighton har han vunne begge med 1-0…

Når det gjaldt straffa til Pogba så ser det heller ikkje bra ut når der ikkje er folk som kan juble bak målet der Pogba scorar. Folk trur kanskje eg er heilt hjertelaus, når eg snakkar slik om plassar for dei med nedsatt funksjonsevne. Men dei som eg har snakka med der borte som nyttar rullestol eller andre hjelpemiddel, dei likar ikkje å sitte der fordi dei vert søkk gjennomvåt når det regnar på kampdag. Taket skjermar ikkje dei som sit nærmast bana. Eg hadde rydda plass til dei på South Stand under taket. Der vert man ikkje våt når det regnar i Manchester. Og det er temmeleg ofte skal eg personleg skrive under på. Men dette får eg ikkje gjort noko med. Og det blir verre…

No skeia eg vekk frå helgas Premier League runde. Trur City får walkover mot Huddersfield, håpar sjølvsagt eg tek feil og at dei tapar 5-0. Men uansett mogleg eg byttar ut Aubaymeuayng på Arsenal til fordel for Aguero på Fantasy. Så trur eg Crystal Palace slår til mot Liverpool. Når det gjeld Fantasy så fekk eg 76 poeng og er sånn passe nøgd med det!

Så til alle nostalgikarar der ute! I dag er det 17.august…

Gløyme aldri at eg såg Bodø/Glimt i tippekamp på NRK den dagen fordi TV2 den sesongen enda ikkje hadde starta sendingane frå Premier League. I vissheit om at United hadde slått Wimbledon 3-0 så slo eg på TV2 nyheitene og sporten kl.18.30 og fann ut at David Beckham hadde scora frå midtbana. For ei tid.

Eg forstår det slik at Ronaldo skal debutere i helga mot Chievo. Fullt kaos der. Juventus har allereie snart fått tilbake for prislappen dei nytta på han og har auka massivt i sosiale medier. I tillegg til at Juve har gjort eit sportsleg kupp har dei også gjort eit vannvittig scoop reint PR-messig. Som dei kan vinne mykje på i lengda. Men det får også opp interessa. Som 12-åring satt eg gjerne å såg Serie A på TV3 med Gleditch og co på søndagar før Premier League gjorde sitt inntog for godt i vår stove. Og eg er glad for det. Men kan vere interessant å sjå kor den gamle nummer 7 for verdas største klubb gjer det for den gamle dame!

Ynskjer alle fotballelskarar god helg!

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

Blogg på WordPress.com.

opp ↑

%d bloggere like this: