Mitt Premier League-tabelltips 18/19

Josè Mourinho og Claude Puel skal snart sette seg i managerstolane igjen og då er offisiellt Football’s back! Eg trur det knapt er ein ekspert der ute som ikkje har Man City som favoritt til å vinne ligaen igjen. Topp tre er nok ganske safe. Her er mine tips!

1. Manchester City: Kompany og Walker uttalte til den vakre dama til TV2 at dei er svoltne etter meir suksess. Mahrez frå Leicester er einaste signering. Har strålande bredde og kvalitet i alle ledd, som har kosta flesk. Vinner ligaen om det ikkje kjem opp fleire smarte kamp-planar frå motstandarar som kneblar City i senk. Higeren etter siger i Champions League kan også vere ei lita utfordring når det lide utpå våren. Det smerter, men trur det vert fyrste gangen dei bråkete naboane klarer å halde på trofeet…

2. Manchester United: Skulle gjerne tippa United på 1.plass, men trur ikkje at man er god nok til det over tid. Har eit godt lag i bunn. De Gea blir. Fred the red er ein god tilvekst på midtbana og Dalot er ein høgreback som kan slå innlegg. Sanchez god. Så har man Pogba, Matic og Lukaku. Einaste hinderet er forsvaret. Skulle egentlig kjøpt ny kvalitetsvenstreback og midstopper med kvalitet på pasninger framover i bana. Då kunne man hatt meir tryggheit på midten istedet for når Smalling eller Jones har ballen.. Dei unge er også eit år eldre. Pereira får sine sjanser. Rashford og Martial bør ta steg framover. Skal heller aldri avskrive Josè Mourinho. Stemninga internt er ikkje slik som media skal ha det til. Det var ikkje ein dans på roser med SAF i sjefsstolen heller…

3. Liverpool: Har hatt eit godt og dyrt vindu, så alle trur dei vinne ligaen. Greit nok. Kanskje det skjer? Fått inn ein på papiret solid keeper, som også slapp inn fem på Anfield i vår. Fabinho og Keita er gode kjøp og dei har egypteren. Men kan i alle dager Salah prestere på samme nivå? Stabilitet og dødballar i mot er alltid utfordringar. Presset på Klopp auka, taklar han det? Det held ikkje med brilla på skeis, bamseklemmar, glis og ølfeiring med fans etter tap lenger. Tittelkrava kjem no med auka pengebruk.

4. Arsenal: Gjort smarte innkjøp og dekka sine hol i både forsvar og på midtbana. Dei to gamle lagkameratane frå Dortmund får spele i lag frå start av og Mezut blir også poengkonge. Optimist på the gunners vegne. Trur St Totteringham’s Day kjem tilbake i mai neste år. Merka meg at fleire Gunnersfans er nøgde med kjøpa i sommar.

5. Tottenham: Sårbar for skader på nøkkelspelarar som Kane og Alli. Kanskje kan Lucas Moura få fleire sjansar. Litt aldrande midtbane uten mykje kreativitet utenom Eriksen. Men eit særs samkjørt lag. Nytt stadion vert spennande. Så enda ei ny bane for Spurs å verte vande med.

6. Chelsea: Kovacic på lån og Jorginho er interessante forsterkningar. Dei har erstatta Courtois i mål med ein spanjol med eit umogleg namn å uttale. Var det Kepa? Er Sarri rett manager? Kan han tilpasse seg til Premier League frå Serie A? Kan han få fart på Morata med nummer 29 på ryggen? Usikre moment. Barkley?

7. Everton: Den utsatte sjuandeplassen. The best of the rest. Her har the tåfis gjort spanande innkjøp. Jerry Mina, Gomes og Richarlison. I tillegg til Lucas Digne som vert ein seriøs utfordrar til Baines. Frykteleg oppkjøring. Men det gir kanskje ei god premiere.

8. Wolverhampton: Årets sjokk. Har imponert på overgongsmarknaden. Jota, Boly, Moutinho (5 mill pund), Patricio, Jimenez, Adama og Dendoncker høyres bra ut. Er det like bra på papiret. Kan ikkje gløyme Ruben Neves. Så har cash og talent. Trur dei blir solide.

9. Leicester: Tida etter Mahrez. 3-5-2 i sesongoppkjøringa. Mistenker då Evans, Morgan og Maguire bak med Pereira og Chilwell på sidene. Vardy er alltid farlig. Ghezzal kan kanskje erstatte Ryad som stakk til sjeikane i Manchester. Mangla ein satt stil som passer laget som i 15/16. Skulle hatt Drinkwater tilbake.

10. West Ham: Manuel Pellegrini styrer laget inn på ein trygg midt på tredet plassering. Gode innkjøp i Felipe Anderson, Yarmolenko og Diop. Kanskje kan Wilshere få ein ny vår? Men blir ustabile og klarer ikkje å kome lenger opp på øvre halvdel.

11. Crystal Palace: Det blir samme plassering som i fjor. Spennande med Kouyate, Meyer og Ayew inn. Utfordring for vår mann Sørloth. Aldri i fare for å rykke ned i 2019.

12. Fulham: Skulle gjerne tippa Fulham lenger oppe etter kjøpefesten på Deadline Day. Men alt skal samkjørast også. Johansen vert ikkje altfor mykje å sjå mistenker eg etter kjøpet av

13. Burnley: Nokre hakk ned frå 7.plassen ifjor fordi kvaliteten på enkelte lag rundt der skal vere litt for mykje for gutta til Dyche som elles er solide. Vert Hart 1.keeper? Kan man utvikle angrepsspelet? Kjem man med i EL så vert det ein voldsom tøff sesong for Burnley.

14. Newcastle: Nokre innkjøp til troppa har det vore for Benitez som elles har hatt bundne hender av Mike Cashley. Ki, Schar og Fernandes gjer vertfall at ryggrada i laget vert sånn passe sterk. Kenedy, Shelvey og Matt Richie skal servere sterke Rondon på topp. Ellers så organiserar den spanske kelneren godt.

15. Bournemouth: Eddie Howe held gjengen sin i Premier League for femte år på rad. King gjer 14 mål i serien.

16. Southampton: Ikkje store forbetringa denne sesongen for the Saints diverre. Vår norske mann som er broren til Tarik får masse sjanser og ein del målpoeng. Danny Ings og Charlie Austin scorar nokre mål men totalt nok til litt over nedrykksstreken.

17. Brighton: Gross, Jahanbaksh og Knockaert vert nøkkelspelarar i kampen for å unngå nedrykk. Spennande med Bernard og Montoya også. Det held akkurat.

18. Watford: Det vil ikkje halde med å stole på Deeney, Dokåre, Capoue og Deulofeu denne gang. Ben Foster må også unngå tabber i mål. Spår nedrykk for dei gule og svarte.

19. Cardiff: Ikkje jumboplass, men har ikkje nok å kome med for å bli i Premier League.

20. Huddersfield: 28 mål i sin debutsesong talar for seg sjølv. Om man ikkje forbetrar det snittet så ryk man på hue ut i sin andre sesong. Så det ansvaret fell til nysigneringane Ramadan Sobhi, Diakhaby og den gamle traver Mouniè.

Lykke til alle saman! Her er ein kjekk stemningsvideo!

 

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

Blogg på WordPress.com.

opp ↑

%d bloggere like this: