VIDEO: Ut med flagga til topps!

Christian Michelsen og Kristiansund BK var i Fosnavåg for å prøve å stikke kjeppa i hjula og hindre avansement til 3.runde for Toni Sandangers menn. Bergsøy haldt ein god figur og hadde sine moglegheitar, men det vert mildt sagt vanskeleg då det viktige fyrstemålet kom til KBK på det som var offside ifylgje videobileta. Elendig dømming!

received_10156099139771830

Verken Fredrik Muren eller Espen Driveklepp ligg bak Frank Sverre Skorpen på linja. Så då må det vere offside på mottaker i dette snapshotet over frå NRK.

Bergsøy fekk fyrste sjansen i kampen ved Marius Sporstøl. Men Mcdermott redda. Så var Skorpen uheldig og bortelaget kontra inn 0-2. Deretter skulle Franjo hatt straffe før KBK auka til 0-3 før pause.

31870528_1628929843821618_80962036200112128_o

Tepuric burde redusert rett etter pause og skapt litt galskap, men aleine med keeper missa han. KBK scora tre til mot slutten, men alt i alt ein god kamp for Bergsøy. Det er lov for våre gutta å vere skuffa. Dommarteamet var denne gong ei dommertabbe uten autokorrektur.

Sjå min video om det som skjedde frå garderoba til nært på bana og høyr sjølv bruset frå det fantastiske publikumet vårt! Heia Bergsøy!

Neste kamp er heime mot SIF/HESSA. Eit lag vi slo greit 4-0 i cupkvaliken. Så no etter dette fargerike eventyret går all fokus inn på å kjempe i toppen av 4.div og helst vinne heile driten! For toppnivået til gutta er stort! Og å høyre det publikumsbruset frå tribuna er enormt. Så kom igjen mot SIF/HESSA neste onsdag!

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

w

Kobler til %s

Blogg på WordPress.com.

opp ↑

%d bloggere like this: