Bergsøy i pre-season!

Årets sesong for min moderklubb Bergsøy ser ut til verte spennande. Eg har sagt ja til å vere webmaster som bildet over syner. Vår nye coach Lars-Petter Rønnestad har fått flotte resultat med klubben før. Opprykk i 2009 og 2.plass bak Herd i 2010. Eg kom heim frå mediaskule i Dublin i 2010 og fekk vere med på det siste halve året hans. Det blei ein spanande innspurt der berre eit par feilskjær gjorde at vi ikkje klarte å karre oss forbi Herd som i all rettferd var suverene det året. Men vi slo dei 4-2 i siste heimekamp!

Så reiste Rønnestad til Hødd og trenarar kom og dro frå Bergsøy før kontinuitet blei sikra då Hugo Vicente tok over roret i tre år frå januar 2013 og ut fjorårets sesong. Av ein eller anna merkeleg grunn blei klubben, laget og spelarane utvikla samstundes med at resultata i serien blei svakare… Sånn er det i norsk 3.divisjon. Det svingar og mykje har med marginar å gjere.

At Rønnestad dro til Hødd var vel meir eller mindre heldig for min del sida han tok meg inn i Hødd-miljøet der eg fekk vere med å sette mitt stempel på mediadekninga av både Cuptriumfen i 2012 og turen til Kazakhstan i Europaliga-kvaliken. Samstundes med at eg laga stoff til dei aller fleste kampane i serien frå 2012-2014. Men no er vi gjenforent i Bergsøy igjen og det er mykje vi kan få til i Bergsøy.

Pre-season har kome godt igong med interessante spelarar på plass og fleire som kjem og viser seg fram. Denne veka er det eit par islendinger på plass for å vise seg fram og dei har gjort eit godt inntrykk. Som pådrivar av BergsøyTV tok eg ein prat med vår fysiske trenar Rafa Roldan Bermudez om spelarane sin fysiske tilstand og om hans forventningar. Det kan du sjå her!

På Rafa sin eigen blogg kan du også sjå ei oversetting av vår samtale. Om du ikkje kan blandinga av norsk, spansk og engelsk…

Årets fyrste treningskamp enda med ein heilt grei 7-2 siger mot Hareid. Høgdepunkta ser du i videobiletet under! Dei to siste måla til heimelaget fekk eg ikkje med grunna batteritrøbbel…

Til helga vert det nok ingen kamp grunna fare for storm og at Valder har trekt seg til kampen. Men noko fotball-aktivitet blir det nok. Når det gjeld måla for sesongen så er det i fyrste rekke 1.runde av NM og å kome blant dei fem beste for å unngå å havne i ein anna divisjon i 2017. Sjølv er eg forvirra av heile opplegget til NFF. Men slik er no det.

Eg har ambisjonar innen media så eg driv på med det her no så ser eg kva eg får til. Det er sommarjobbar å søke på og andre mediejobbar eg kan tenke meg. Men det er ein business som har vore prega av nedskjeringar dei seinare åra til min store frustrasjon. Men eg prøvar å vere tolmodig og ta sjansen når den ein gong kanskje dukkar opp.

God helg.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

Blogg på WordPress.com.

opp ↑

%d bloggere like this: