Mykje blanda ball

Intervjuer Hugo Vicente og Jan Jønsson foran cupkampen i Fosnavåg.
Intervjuer Bergsøy sin trenar Hugo Vicente og Jan Jønsson foran cupkampen i Fosnavåg.

Kom plutseleg på at eg har ein blogg. Denne har som regel dreia seg om engelsk fotball og i særskild grad mitt lag Manchester United. Men sida eg har jobba med Hødd og Bergsøy dei siste åra og har andre prosjekt på gong, så tenkte eg til å utvide denne til å handle om rett og slett mitt liv innenfor fotballen. For det er jo så mykje som skjer. Frå å vere på plass i Kazakhstan på Hødd’s bisarre bortetur i Europa League og til Bergsøy sin kampar via England og famøse møter med fotballstjerner frå ymse plassar. Mest gamle fotballstjerner men dog…

Ser også at eg ikkje har skrive noko sida starten av februar. Men det har eg lyst å gjere noko med no. Flytta til Oslo i god tru på at det skulle vere lettare å få seg jobb dersom eg kunne dukke opp hos potensielle arbeidsgivarar og presentere meg sjølv. Men så feil kan man ta. Skal ikkje gå i detalj og navngi mottakere av mine forespørsla, men berre det å få møte ein sjef å gi eit godt inntrykk er inni hampen vanskelegare enn det burde vore!

Så sida februar har eg nytta ein del tid på å lage fotballfilmar. Eg elskar å drive med slikt detaljarbeid og tenkte eg skulle poste nokren av dei her. Du finn sjølvsagt alle mine filmar på min Youtube-kanal. Så har eg ikkje vore på tur til England fordi eg har brukt pengane på å bu i Oslo, men skal no straks heimover til Sunnmøre, så det kan jo hende eg finn noko billigare enn det eg har i Oslo. Så har også David Moyes fått sparken, Giggs har lagt opp og Van Gaal har blitt ny manager for United. Samstundes var det rart å oppleve at Liverpool og Manchester City kjempa om gullet på siste dag. Litt letta for at Liverpool ikkje vant, samtidig ikkje glad for at City vant. Men sånn er det.

Tok det igrunn ganske tungt at Giggsy la opp. Så eg mekka saman ein tribute til han. Den ser du under!

Tok jo turen heimover etter påske for å overvære Bergsøy sin heimekamp mot Aafk. Det var kjekt å få snakke mykje fotball med Jan Jønsson. Det er ein dyktig kar som ikkje har dei lettaste kåra i den oransjeblå-klubben. Under ser du minutta før avspark på Havila Stadion Fosnavåg mellom BIL og Aafk!

Kan jo også avslutte denne posten med ein video om Bergsøy når eg fyrst er igong. Tok å samla litt klipp frå alle verdens kantar og enda opp med ein fin liten stemningsvideo som Hugo Vicente & co godt kan nytte foran kampar. For det kan trengast…

Kjem til å poste regelmessig framover. Vert sjølvsagt meir inspirert om ei og anna sjel kan gi ei tilbakemelding på om bloggen er kjekk eller rett og slett dørgande kjedeleg!

Ha ein strålande VM-aften! Heia Fotball!

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

w

Kobler til %s

Blogg på WordPress.com.

opp ↑

%d bloggere like this: