Slår United tilbake?

Evans får her raudt kort mot City førre helg. Det avgjorde kampen. United hadde vertfall hatt ein liten sjanse med 11 mann.

Førre helgs resultat mot City var ein freak accident. Mykje naivitet og særs bra Cityspel gjorde at det blei…

Bildet talar for seg sjølv.

Så her er det om å gjere å slå tilbake. Og det er Fergie ekspert på. Everton er motstandar og United har kun tapt tre kampar der i Premier League-historia. I 95, 05 og 10. Så United kan vel ikkje tape der før i 2015 om man skal regne noko ut av statistikken 😀 Sjå Duncan Fergusons mål frå 2005 under!

Tom Cleverley er klar for innsats igjen etter ein time mot Aldershot. Ellers så saknar eg Dimitar Berbatov snart. Han er klasse og har andre ting å bidra med enn Chicharito og Welbeck som United kan dra nytte av. Michael Owen er også ein målgarantist. Her er det vertfall snakk om å vinne, for resten av kampprogrammet fram til jul er særs overkommeleg… Under ser du kva som skjedde sist United var på besøk i den blå delen av Merseyside…

Eg hugsar at eg blei særs forbanna for måten United rota vekk to poeng, men satsar på at tre poeng blir henta heim til Manchester. Louis Saha er vertfall noko å hanskes med for Vidic & co. Nøkkelspiller Tim Cahill er også utilgjengelig, mens Royston Drenthe er suspendert. Ellers håpar eg at David Moyes’ mannskap ikkje har klart å riste av seg all melkesyra i beina etter Ligacupkampen mot Chelsea onsdag. Oppgjøret gikk til ekstraomganger, men Everton kom til kort etter at Danny Sturridge avgjorde fire minutter før slutt.

Statistikk

  • Everton har vunnet kun én av de tolv siste kampane mot United.
  • Everton har vunnet kun tre av de 19 Premier League-møta mellom laga på Goodison Park. United har vunnet 13.
  • United har ikkje vunnet nokon av de sju siste besøka til Liverpool (mot Everton og Liverpool)

I farta tek eg med ein klassikar som blei spelt i 2004. United leia 3-0 til pause. Men den utlikna Everton fort, før Ruud Van Nistelrooy avgjorde to minutt før slutt!

Ellers er Chelsea-Arsenal litt av ein godbit å få med seg frå helga! God helg! 😀

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

w

Kobler til %s

Blogg på WordPress.com.

opp ↑

%d bloggere like this: