Ei fantastisk fotballveke!

Pete Boyle var som vanleg i fin form på pub foran United sitt møte med Chelsea. Kven fyren til høgre er veit eg ikkje...

Grunna sjukdom og datamangel kjem dette innlegget litt seint, men betre seint enn aldri. Sist veke kom eg heim frå ei veke i Manchester der eg fekk med meg United sitt heimemøte med Chelsea, før eg tok turen vidare til Leeds før eg til slutt avslutta i Ålesund av alle plassar og fekk med meg at Aafk tok seg vidare til årets finale i NM! På linjene under kan du lese mitt inntrykk av denne litt spesielle turen 😀

Eg landa i Manchester torsdagen før kampen mot Chelsea med CD bagen til Pete Boyle som håndbagasje. Han hadde glemt den i Ålesund helga før…
 
Eg dro igrunn rett på pub. Her har eg funne meg fast pub, nemleg den fantastiske Circus Tavern. Etter det var eg på restaurant med Solveig og Torbjørn frå Midsund før vi enda opp på karaokenattklubb. Historien frå denne kvelden stoppar her… Men artig var det!
 
Fredagen tok eg det roleg, men laurdagen var eg klar for fest. Eg starta dagen med å hjelpe Will Smith, nei ikkje den Will Smith, med å hooke inn Unitedsupporterar til treffet ‘United Nights’ der fansen får sjansen til å vanke med gamle heltar. Denne kvelden skulle mine nå gode venar Lee Martin og Clayton Blackmore treffe fans sammen med den gamle helten Jimmy Greenhoff.  Han vart mellom anna matchvinnar i Fa Cup-finalen mot Liverpool i 1977.
 
David May var ikkje der, han skulle symje med haiar for MUTV blei eg fortalt. Skulle ikkje forundre meg om det faktisk var tilfelle… Men Pete Boyle styrte showet med ei stødig hånd. Og røst…
Han har ikkje like mykje hår som før, men var likevel en flott fyr å snakke med. Han kunne også tenkje seg en tur til Fosnavåg!
God stemning mellom oss etter helga i Herøy og Ålesund!
Lee Ingram og eg koste oss på Old Trafford...
Der blei vi vitne til at Wayne Rooney kopierte John Legend Terry frå straffemerket. Godt at det ikkje var CL finale...
United slo Chelsea i ein vannvittig fotballkamp. De Gea stod bra i mål medan Smalling, Nani og Rooney sytte for eit fantastisk pauseresultat. Etter pause kom Chelsea meir med og Fernando Torres scora etter berre nokre sekund. Men så skjedde det to fantastiske situasjonar. Wayne Rooney skulle berre avgjere kampen frå straffemerket. Men istedet tok han ein Terry.
 
Fem minutt før slutt eksploderte Old Trafford.  Torres runda De Gea og skulle berre plassere ballen i åpent mål. Men alle veit kor han egentleg satte ballen. Eg berre måpte. Før smilet kom. Men 3-1 blei det og sesongens femte strake siger var eit faktum.
 
Festen etter kampen kunne på ingen måte samanliknast med festen etter forrige kamp mot Chelsea i mai. Det som var litt spesielt var at eg nå har sett United-Chelsea heile fire gangar live dei siste seks åra. Men etter kampen møtte eg kjente fjes som Julia, eller betre kjent som mrs.Vidic og Eirik Nesset Hjelvik fra Sunnmørsposten som var med å spelte på mitt United XI lag veka før. Så det er det som er så kjekt med desse turane, man er aldri aleine om man så reiser litt på måfå 😀
 
Etter ein svær middag og ein liten tur på casino, bar det rett i sengs for å irritere folk på hostelet med litt fyllasnorking…
 
Mandag bestemte eg meg for å ta sjansen på å dra til Leeds for å støtte mitt kjære United. Og som sir Alex Ferguson har sagt det: Leeds borte er verst av alle. Liverpool, City og Bolton fks har ingenting å stille opp med. Hatet mellom Leeds United og Manchester United er sterkt. Sjølv om fleire har hatt problem med å forklare akkurat dette fenomenet. Dette skulle eg sjølv få merke på nært hold.
 
Eg fekk tak i billett og satte meg på en buss fra Manchester som skulle frakte fans til Leeds. Her var det tydeleg at eg hadde havna saman med den harde kjerne. Og ‘språket’ på denne bussen var alt annet enn kjærleg. For å ta det rett på sak så var det tydeleg at ‘Galatasaray’ og ‘Istanbul’ var to namn som gjekk igjen. Og ikkje minst sangen ‘Always look out turks carrying a knife’ til tonene av ‘Always look on the bright side of life’. Dette er da retta til då nokre stakkars Leeds fans blei stukke ihjel i Istanbul i 2001 under Leeds sitt møte med Galatasaray. Ikkje bra dette her. Eg teke avstand frå slikt.
 
Men i det eg kom til Elland Road skjønte eg godt at det slettes ikkje kun var ManUtd fansen dette gjald. Det var faktisk like ille begge vegar.
 
Her var det flysimulering og synging om Munchen-ulykka i 1958. Så kva skal man seie? Eg trur ikkje dette vil forsvinne med det fyrste. Det er nok berre slik i England i dei aller fleste supporterkretser. Man har Millwall-West Ham, Tottenham-Arsenal, United-City og Everton-Liverpool er vel ikkje lenger det vennskapelige derbyet som fleire har hevda. Og då har eg heller ikkje nevnt Manchester United-Liverpool eller Birmingham-Aston Villa. I alle desse oppgjøra haglar det med ukvemsord og til tider vold, som nokre norske fans fekk merke etter kampen var ferdig på Elland Road…
 
Ser eg vekk ifrå hatsongane så var stemninga fantastisk kampen gjennom og United gjorde ein god kamp. Eg kom også godt fra det. Null klubbeffekter og høflig opptreden mellom alle dei krigers innstilte heimesupporterane sytte for at eg kom fram til bussen etterkvart. Så det gav absolutt meirsmak, sjølv om denne hånsynginga kunne eg godt vært foruten.
Eg syntes tross alt det var gøy å vere på min fyrste bortekamp med Manchester United.
Manchester United vant vertfall kampen 3-0 etter mål av veteranane Michael Owen (2) og Ryan Giggs. Dermed vert det bortemøte med Aldershot i neste runde 😀
 
Onsdagen blei nytta til litt shopping før eg reiste til Norge på torsdagen. Og ved ankomst i Ålesund var det nok ein fotballkamp som venta meg. Her møtte eg the homeless cat Aleksander Goksøyr, og vi bestemte oss for å dra på Ålesund-Start i cupens semifinale. Kampen er det ingenting å skrive heim om, anna enn at Aafk vann 1-0 og er dermed i finala for andre gang på tre år.
Her blir Aleksander overfalt i jubelbrus etter Aafk sitt avgjerande mål i kampen. Fantastisk bilete.
Og slik såg det ut då vi trossa stormen på vei tilbake til sentrum etter kampen. Ikkje rart at eg har slitt med sjukdom i etterkant kanskje?

Vel, ei innholdsrik og morosam fotballveke var då over. Eg ser fram til neste tur. Den kan kome når som helst. Vi snakkes 😀

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

Blogg på WordPress.com.

opp ↑

%d bloggere like this: