
Det har tatt si tid å lande etter førre helg, men du betre meg så verdt det har vore! Det har vært lagt ned fleire veker, dagar og timar med planlegging. Då er det godt å vite at ting gjekk 90 prosent som planlagt. Dette skal verte ein tradisjon! For gutta fra Manchester storkoste seg i Fosnavåg og Ålesund. På dei neste linjene skal eg prøve å beskrive helga så godt eg kan…

Fredagen reiste eg til Vigra for å hente dei, og det vart litt av eit kaos for å rekke ferga til Hareid, fordi David May stjal bilnøklane til taxisjåføren for å kødde, men heldigvis ga han tilbake nøklane slik at vi kom oss avgårde! Så det gjekk tilslutt bra. På Hareid stod tv2 med Thomas Aune og venta på oss og eg fekk samstundes beskjed om at en av mine sjåførar hadde vært uheldig på vei til Hareid, så eg måtte omorganisere sjåførar i siste sekund. Men utfordringar denne helga var eg førebudd på… Så bar det rett til Fosnavåg i tv2 bilen, sidan sjåføren min hadde altså kræsja…








Så etter mykje autografskriving og bildetaking før kampen, kom vi omsider igong. Vi kom under 4-1 i starten på andre omgang, men med Maysies innbyttarteknikk der vi berre kasta inn fleire spelarar, så kom vi tilbake med 14 mann og klarte 4-4 etter at Ålesund-legenda Erling Ytterland scora eit mål medan Geir Televik sannsynlegvis spelde seg inn på laget til 2012-utgava med tre scoringar. To av dei var perler. Tv2 stakk også i pausen for å gjere ferdig reportasja som skulle på lufta i minutta før Bolton-Man Utd på laurdagskvelden…. På overtid bomma eg også på åpent mål. Men det var vel kanskje det beste sidan vi då kunne gå til straffekonk.
Sjå fleire bileter og video under fra Heroynytt!
Etter at kampen var ferdig måtte eg avgårde for å hente håndkle til gutta fra Manchester, før det bar vidare til festen i sjøbuda til Bergsøy-legenda Kjartan Paulsen. Her vil eg rette en stor takk til Andrè Sæter, Vinjar Vikanes, Aleksander Goksøyr, Nico, Christoffer Jøsokbakke og ho mor for hjelpa i den hektiske timen fra kampen var over slik at festen fekk starta 😀




Laurdag gjekk turen vidare til Ålesund. Her steppa kompis Andrè Sæter inn som sjåfør og fekk kjørt heile gjengen i sin bil. Eg veit ikkje meir enn at den bilturen måtte vært fantastisk artig for prestesonen Andrè 😀

På biletet over ser vi folket på ferga. Historia her er at vi fekk løyve til å gå opp i styrehuset. Men der var det kun ei dame som stod på alle fire på golvet og støvsugde golvet. Ho hørte ingenting, og plutseleg stod vi der. Man kan seie det var ein spesiell seanse. David May tok sågar og svarde mobilen til dama som jobba på gulvet bokstaveleg talt. Han er ikkje snau altså. Morsom kar…
Vel framme i Ålesund møtte vi gjengen frå Millers med Henning Mathisen og Kjell Runar Karlsen i spissen. Her fekk vi lunch på Redningsselskapets lokaler og det blei ei skikkeleg hyggestund med mimring med både Heroynytt sin video frå legendekampen og Manchester United sin historie dvd.
Pluss at David May ville sjå mykje morosame klipp på youtube av ein snakkande hund og greier. Eg har sjelden ledd så mykje som av den gjengen der. Clayton Blackmore delte intime og hemmelege historier frå Unitedmiljøet medan Pete Boyle holdt på dø av sult fordi han er vegeterianer og vi hadde ikkje akkurat tenkt på det i forkant…

Etter mimrestunda bar det rett til Millers i sentrum for det som var det fyrste Unitedtreffet på Sunnmøre. Her stod folk å venta på oss og stemninga var på topp inne på puben. Det skada heller ikkje at Liverpool tapte mot Stoke 😀



Clayton svarte etter beste evne om alle frisparkmåla han scora, medan Lee Martin fekk forklare korleis han klarde å score sitt einaste andre mål for United via namnebror Alvin Martin på West Ham i 88/89 sesongen!
Ellers sang vi og fleire tok bilder. Tilbakemeldingane frå folk var utelukkande positive, så eg er særs gira på å gjenta dette. United gjekk også heilt berserk mot Bolton og scora fem mål, og etterpå var det klart for liveband med Fatty Sunroad. Så programmet var satt. Men det var noko med livebandet som forundra David May…





Seinare på kvelden stakk vi på uteplassen Bocca før enkelte tok det til hotellet medan andre stakk på nachspel. Fleire detaljar er ikkje nødige å gå ut med, anna enn at legendene hadde ein alle tiders tur og vil særs gjerne tilbake til Sunnmøre 😀

Ynskjer at alle tar turen til Fosnavåg og Ålesund på neste Unitedtreff ein gong i 2012! 😀
Fantastisk! 😉