Takk til ein trofast duo!

O'Shea og Wes jubler her for Browns siste mål for United mot Crawley i februar.

Det var ikkje uventa at det skjedde. Men to trofaste tjenara har nå forlete United til fordel Sunderland. Eg vil sakne begge to for sin anvendeligheit, kanskje spesielt O’Shea som kan spele i dei fleste posisjonar. Kven kan gløyme lobben mot Arsenal, tunellen på Figo, raidet mot Newcastle og ikkje minst scoringa på overtid mot Liverpool foran ‘The Kop’.

Wes vil eg sakne for solid spel og knallharde taklingar. Som her mot Luiz Suarez. Den viktige 1-0 scoringa mot Liverpool i 2008 sit også særs høgt på lista.

Det er nesten litt morosamt å tenkje på alle x-reds som har teke turen til Stadium of Light. Eg tenkjer på Roy Keane, Raimond Van Der Gough, Dwight Yorke, Andrew Cole, Liam Miller, Danny Higginbotham, Phil Bardsley, Kieran Richardson, Steve Bruce og Frazier Campbell. I tillegg har Johnny Evans og Danny Welbeck hatt godt nytt av eit låneopphald der. No kan altså Wes Brown og John O’Shea legges til den lista. Kanskje ser forsvaret til the Black cats slik ut komande sesong? Bardsley, Brown, O’Shea, Richardson 😀

Her er nokre av høgdepunkta eg vil sakne John O’Shea for!

 

 

Og ikkje minst målet den 3.mars 2007. Eit minutt på overtid foran ‘The Kop’.

Her er ein flott video om Wesley.

Her feirar duoen ligagullet i 2009. Det vert spesielt å sjå dei tilbake på Old Trafford i Sunderland-drakt.

Iren John O’Shea fekk 393 kamper og 15 mål for United etter debuten i ligacupen i 1999 borte mot Aston Villa (0-3). Wes Brown debuterte 4. mai 1998 mot Leeds (3-0), og fekk totalt 362 kampa og scora fem mål for klubben. Han har vunne fem Premier League-titla, samt to Champions League-, to ligacup- og to FA-cupmedaljer. Lykke til vidare boys. Nå gjenstår det berre at Darron Gibson firer på lønnskrava sine og slår følge med duoen til Stadium of Light!

Så sees vi på Old Trafford 5.november?

Bør United nå kjøpe en ny back kanskje?

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

Blogg på WordPress.com.

opp ↑

%d bloggere like this: