Kvartfinaletid og NM-drama!

Får Nani starte mot Chelsea ikveld etter helgas fantastiske oppvisning mot Fulham? Eller blir det Ji Sung Park som bekler kanten?

Steik kor spent eg er. Har vel egentleg gått og tenkt på denne dagen lenge nok. Under kampen mot Fulham satt eg og tenkte på tirsdagen, og det gjorde vel egentleg Ferguson også med sitt laguttak. Det som er så gyldent med slike kamper er at viktige spelarar får kvile, medan andre får sårt tiltrengt speletid. På den måten er alle betre rusta når det nå nærma seg ‘Squiqy Bum Time’!

Rio og Ferguson i godt humør på gårsdagens pressekonferanse.

 

Berbatov, Gibson, Smalling, Scholes og Anderson starter nok garantert ikkje mot Chelski. Litt meir tvilsomt med Nani som eg mener fortjener å starte foran Park. Men Park, Giggs, Carrick og Valencia gjorde alle jobben sin og vel så det sist. Valencia tok til og med høgrebackrolla med stor ro. Rooney starter og det er mest sannsynlig at Chicharito blir hans makker. Men det kan også hende Fergie starter med 4-3-3 med Nani, Rooney og Valencia på topp. Edwin Van Der Sar starter i mål medan ein utkvilt Wayne Rooney starter på topp. Det er vel egentlig berre to av åtte kort eg reknar med starter. Dei seks andre er Vidic, Evra, Ferdinand, Giggs, Carrick og Valencia.Egentleg er det heilt meiningslaust å prøve å finne ut kva Sir Alex starta med. Dei aller fleste er skadefrie også. Så vi får berre vente og sjå…

Eg er ikkje trygg på dette her. Chelsea er i stand til å score mål. Og Torres vil score eit mål før eller siden. Men med stor stemning og eit skjerpa United, skal det bli semifinale mot Schalke 04!

United leder 1-0 fra bortemøtet. Og har heller aldri røket ut etter å hatt ein fordel etter fyrste bortekamp. Målet kan du sjå HER!

Under ser du teaser til kveldens match på Old Trafford!

Men før eg sett meg til rette ikveld så skal eg ein tur på Bergsøy Kunstgrasbane for å dekke kampen mot Skarbøvik. Det er ein hyperviktig kamp fordi det står om 1.runde i cupen, og der har ikkje Bergsøy vært på mange mange mange år!

Bergsøy må vinne mot Skarbøvik ikveld! Møt opp og støtt gutta fram til 1.runde i cupen!

Heia Bergsøy! Les min og Geir Egils preview her!

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

Blogg på WordPress.com.

opp ↑

%d bloggere like this: