Fem-stjerners helg i Manchester!

Her setter 37 år unge Ryan Giggs inn kampens tredje mål i målfesten på laurdag. Her er det berre å signere ny kontrakt!

Då har eg endeleg landa på jorda igjen etter ei fantastisk helg i Manchester! Eg, Bjarte Gaupås og Magnus Sanden fekk også sett eit Unitedlag som slo på stortromma med storsiger, deriblant eit Berbatov-hattrick. Faktisk det andre Berba-hattricket eg har sett ‘Live’ denne sesongen! Eg var som tidlegare sagt tilstede på Old Trafford mot Liverpool i september.

Vi budde på Palace Hotel i Oxford Street. Det hotellet kan faktisk anbefales. Vi fekk stort rom med tre dobbeltsenger. Og ville vi ha meir dopapir, var dei heller ikkje vonde å be om service!

Fredag morgen kl.06 reiste vi til Manchester fra Flesland i Bergen. Vel framme via København bar det rett på butikken til shopping av læskedrikk. Seinare på kvelden stakk vi ut og møtte David May til ein liten prat. Her fekk eg samtidig sjansen til å drøfte framtidige ‘United Nights’ i både innland og utland. Watch this space! Bjarte og Magnus fekk dermed også eit første med mannen som har fleire medaljer enn Shearer. May er også sentral på alle trofèbilder fra 90-tallet.

Bjarte, May og Magnus.

Det vart faktisk ein rolig fredagskveld. Etter ein burger på Burger King, ja Bjarte spiste faktisk! bestemte vi oss for å vere i toppform på kampdagen. Etter ein god frokost neste morgen var vi inne på Bishops Blaize rundt halv 11. Her vart det som vanlig synging og litt inntak av Stella Artois og Strongbow. Eller ein Vodka dobbel… Det at Liverpool vant mot Wolves la heller ingen dempar på stemninga. Men nachspelet etter kampen skulle verte vilt. Men fyrst var det kamp…

Eg og Magnus i fin form før avspark.

Kampen vart ein fest. Giggs,Rooney og Berbatov var i storslag. Dermed gjekk det som det måtte gå, spesielt etter at Berba ga United leiinga allereide etter to minutt. Berba økte midveis før kanskje dagens høydepunkt kom 1.30 på overtid i fyrste omgang. Berbatov takla til seg ballen og kombinerte fint med Rooney som la den på sølvfat til Giggs på bakre stolpe. Waliseren gjorde ingen feil og satte den kontant i nettaket. I andre omgang satte Berbatov inn sitt hattrick medan Nani avslutta ballet. Dermed 5-0 til United og ein fem stjerners opptreden av ‘The Red Devils’.

Nachet på Bishops etter kampen ga også ein ekstra grunn til å feire etter at klubbhoren Darren Bent fiksa Manchester City enda ei stripe i lakken i kampen om seriegull. Laurdagskvelden vart brukt til å gå på byen, mens det på søndag vart mest avslappning på rommet og spise ute på Yeats.

Mandag kveld såg eg Bolton-Chelsea, og det er ein ting eg har tenkt litt meir på. Det er skylappane som heng over augene til Chelsea’s manager. Er det muleg å ha meir twoface?

Sjølv med mitt gummifjes, klarer eg ikkje det mister Carlo klarer. Vittig.

I kveld er det comeback på Fotballpuben til kveldens match mot Ian Holloways Blackpool. Det blir ei ny opplevelse for oss Unitedfans og Ryan Giggs. Det er også ein stor sjanse til å auke leiinga i toppen til fem poeng på Arsenal, 6 på City og 10 på Chelsea. Come on United!

2 kommentarer om “Fem-stjerners helg i Manchester!

Legg til din

  1. Hahaha. Shearer hadde hatt medaljer han også, hadde han valgt rett klubb:P Men fra spøk til alvor, nei han rekker ikkje Shearer til anklene.

  2. Flere pokaler enn Shearer?? Underbygger bare teorien om at dere er gloryhuntere!! May når ikke Shearer til anklene når det gjelder fotballferdigheter!!

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

w

Kobler til %s

Blogg på WordPress.com.

opp ↑

%d bloggere like this: