Takk Ole Gunnar!

Datoen 26.5.99 er vel den største i Solskjaers karriere i Manchester United. Sjelden har vel ei storetå skapt meir lykke for Unitedfans verden over.

Då var det klart. Det som har vært ei dårlig skjult hemmeligheit ei stond. Ole Gunnar Solskjaer tar over i Molde og setter ein ‘foreløpig’ sluttstrek over tida i Manchester United. For sjølv trur eg at dette kan egentlig være ei praksisperiode for han. For at han kan være ønska i United om ei stond som manager er ikkje umulig. Prestera han i Rosenes by, kan det for bli gjensyn med Manchester. Men for all del, lykke til i Molde Ole Gunnar. Og takk for alle dei 14 åra du he tilbrakt i Manchester United og he gitt mitt liv ekstremt mange lykkelige øyeblikk som supporter! Tusen Takk! Du blir savna i Manchester.

Sjå pressekonferansen frå Røkkeløkka i dag her!

Det vart ein fantastisk debut for Solskjaer for Manchester United.

Eg vil for alltid huske den haustkvelden i august 1996. United møtte Blackburn og eg skulle sjå den på tv om kvelden. Blackburn tok leiinga to gongar, sist ved Lars Bohinen. Og det såg ut til at Cantona & co skulle gå på eit forsmedelig tap. Men inn kom ein totalt ukjent nordmann. Hvertfall for det engelske publikummet. Det gjekk sju minutt, og han hadde utlikna etter at Tim Flowers hadde gitt retur på det fyrste skotet. Og i sju år var 20legend nærmast skadefri og scora mål på bestilling. Sjølv om benken ofte var plassen man fant nordmannen. Men det var eit eventyr, heilt fram til den kvelden i august 2003 Wolverhampton. Då fekk han skada som skulle øydelegge dei neste 3 åra. Men i 2006 var han tilbake til eit siste ‘hurra’.

Eg gler meg til å gå på kamp i Molde og sjå deg som trenar på Røkkeløkka Ole Gunnar. Men fyrst og fremst håper eg at du blir manager for verdens største fotballklubb i framtida! Takk igjen.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

w

Kobler til %s

Blogg på WordPress.com.

opp ↑

%d bloggere like this: