Nytelse i Manchester!

Særs sliten etter kampen på Old Trafford mot Liverpool. Tre dager på rad tok på, og ikkje minst goalen til Dimitar.

Beklager at dette innlegget kjem litt seint, men har rett og slett måttet slappe av etter denne turen til Manchester. Den tok på! Her på dei neste linjene kan du lese meir om kva som skjedde på turen og på slutten tar eg rundens lag med ein bulgarer på topp.

Eg kom til Manchester onsdag for å bu med min gode venn Tony Kember. Her fekk eg stor dobbeltseng til å slappe av i mellom slaga som skulle kome. Fredag dro eg på byen ein kjapp tur for å treffe Johan Cederquist og feire Bergsøy’s siger mot Hareid, men returnerte til huset ikkje så altfor seint. For det var tross alt to dagar til som måtte nyttast til fulle…

Så eg dro inn til sentrum igjen laurdag morgen for å drikke øl og treffe folk. Traff også ein artig gjeng som heitte Kristian, Johan og Jaime. Vålerenga og Lyn folk etter kva eg forstod. Men artig å utveksle tanker og minner. Blant andre eg skulle treffe var Martin Blomvik og Ole Tommy Blomvik. Eit brødrepar frå Ålesund som fekk billett til sin fyrste kamp ever. For meg var det berre ei glede å kunne hjelpe til og det skulle verte litt av ein debutkamp dagen derpå…

Seinare på kvelden var det duka for legendetreffWalkabout i regi av David May. Også Quinton Fortune og Wilf McGuinness skulle vere der, men dei glimra med sitt fråvær. Clayton Blackmore fortalde meg at Fortune som for tida bur i Portugal, hadde fått problem med reisa si og kunne ikkje kome. Men Maysie, akkompagnert av Pete Boyle, Viv Anderson og Clayton Blackmore fekk i stand ein artig kveld. Og betre skulle det verte…

Idet folk var på veg ut sa Maysie at vi skulle på utestaden ‘The Grape’. Der traff eg fleire kjende MUTV-fjes. Blant andre Mark Sullivan som er reporter på Manchester United’s eigen tv-kanal. Du ser faktisk Sullivan snakke i starten på videoen om Antonio Valencia i forrige post… MUTV-folka drog meg med i ein taxi og eg endte plutseleg opp på ein Lounge Bar i Portland Street med desse gutta, inkl May. Men bortsett frå at May ikkje var altfor imponerande på karaoke, så får resten være sensurert for omverdenen… 😀

I hyggeleg lag med Mark Sullivan frå MUTV.
I baren med David May Superstar. He's got more medals than Sheareeer!

Eg tok taxi tilbake til Tony’s hus og gjorde meg klar til den store søndagen. Etter berre fire timar i senga var eg klar for dyst igjen, men merka at eg var prega av natta i forvegen. Turen gjekk rett til Bishops Blaize som vanleg. Her var det liv! Ikkje minst når Pete Boyle ankom stedet. Men faktisk så huskar eg ikkje altfor mykje av alt som skjedde. Men kampen huskar eg. Eller hvertfall deler av den. Eg fekk med meg at Dimitar Berbatov scora på ei heading i fyrste omgang. Men etter dette 2-0 målet i andre omgang kom det ei haudeverk eg ikkje har hatt på lenge, så kan egentlig berre huske at Berbatov fullførte sitt hattrick i det 84 minuttet og sikra United sigeren. Her er intervju med Berbatov etter opptredenen mot Liverpool. Deilig!

Og her er måla hans som senka the scousers!

Rundens lag blir som følgende: Tim Krul – Luke Young, Zat Knight, Nemanja Vidic, Ashley Cole – Jermaine Pennant, Michael Essien, Yaya Toure, Hatem Ben Arfa – Carlos Tevez, Dimitar Berbatov.

Vi hørast! Ikkje lenge igjen til helg igjen… 😀

2 kommentarer om “Nytelse i Manchester!

Legg til din

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

w

Kobler til %s

Blogg på WordPress.com.

opp ↑

%d bloggere like this: