1-1 i dramatisk kamp mellom Bergsøy og Ørsta

I Fosnavåg møttes Bergsøy og Ørsta til ein skikkeleg fight om tre poeng der laga kjempa i både topp og botn.

På ei glatt og ikkje veldig bra bane blei Franjo Tepuric skada tidlig og blei seinare frakta til sjukehus i Volda.

Her har det blitt klart at han har eit brot i foten. Skikkeleg synd for Frank Sverre Skorpen og hans unge lag.

Mats Øvrebotten har vore i skikkeleg scoringsform dei siste vekene, og sette eit nytt flott mål mot Bergsøy.

Målet ser du i videoen! Han markerte seg også med ei saftig takling som fekk publikum i kok på stadion!

Magnus Myklebust utlikna på tampen og dermed blei det kun eit poeng for Bergsøy som no ligg 4 poeng bak Volda.

Sjå alt av action i kveldens video!